//
Eg har over 40-års erfaring med restaurering av interiør og gjenstandar frå ulike tidsepokar, samt dekorarbeid.
OBS: Sida er under flytting og meir utfyllande versjon kjeme snart.
Eg har drive eige firma frå 1971, same året som eg tok sveineprøva i målarfaget. Sidan har eg utdanna meg vidare innan antikvarisk restaurering og dekorasjonsmåling, i tillegg til studiar i kunsthistorie /stilhistorie. Eg utfører oppdrag i samarbeid med Riksantikvaren, fylkeskonservatoren og private firma som er spesialisert på antikvarisk arbeid.
Kan syne til oppdrag i over 30 kyrkjer og mange offentlege bygg. I tillegg større og mindre oppdrag for privatpersonar innan interiør, interiørdetaljar, fargesetjing og andre konsulentoppdrag.
Eg utfører plan og praktisk arbeid relatert til restaurering av kyrkjer, profane bygg, måleri og andre prosjekt. Det kan vere reinsing, regenerering av utmagra måling, fargearkeologiske undersøkingar, avdekking av overmåla dekor, fastliming av oppskaling og retusjering av avflaka parti o.a. Eg tilbyd også synfaring, rådgjeving og utarbeiding av plan for restaureringsarbeid. Konsulentoppdraga kan ogso omfatte utarbeiding av skriftleg og fotografisk rapport.
Arbeidet eller oppdraga vert utført etter antikvariske retningsliner, med omsyn til materialbruk og metodikk.
Du kan lese meir om dei største oppdraga eg har hatt lenger nede på sida.
Eg har lang erfaring med restaurering av interiør og gjenstandar frå ulike tidsepokar. Dekorarbeid omfattar:
Dekormåling. Frihandsdekor, sjablong og strekdekor.
Ådring er ein lasurteknikk for å imitere treverk, meir eller mindre naturalistisk. Eik, i ulike variantar, har vore mest vanleg å imitere, men ogso meir eksotiske treslag, som mahogni, valnòt, ibenholt m.m.
Marmorering kan vere ei naturtru etterlikning av ymse steinsortar eller ei fri og forenkla utforming (stilisert marmorering) Denne teknikken kan utførast i utallege variantar og med forskjellige typar bindemiddel.
Forgylllingsarbeid. Du kan lese meir om dei største oppdraga eg har hatt lenger nede på sida.
Nokre av dei større oppdraga som firmaet mitt har utført eller delteke i.
Ålesund kyrkje: Fleire oppdrag i skipet og kapellet i tidsromet 1992-2016.
Berlihuset, Klokkehaugen, Sykkylven: Lystvilla frå 1896, inspisert av italiensk renessansestil. Restaurering i 1994-95.
Haram kyrkje: Kyrkja vart sterkt brannskadd i 1993. Eg totalrestaurerte heile interiøret i 1996-97.
Rekkedal gjestehus, Sæbø: Gamlestova/Iverstova, gamal sunnmørsstove som står i tunet, vart måla og dekorert i 1997. Fekk Godt Vern-prisen i 2000.
Munthehuset i Luster, Sogn: Denne staden hadde ei sentral rolle i norsk kunst -og kulturliv og nasjonalbyggjing på 1800-talet. «Salen» i 2. et. har takdekor av ypparste kvalitet her til lands. Underlaget, papir limt påstrekt strie, hadde gjennom tida fått store skadar med gjennomgåande rifter og vasskjoldar. Restaureringsarbeidet føregjekk i 1999-2003.
Arbeideren, Ålesund: Konsert og teater-sene. Rekonstruksjon av nedsliten og overmåla jugenddekor i troppeoppgang, 2002-04.
Villa Balderslund, Balestrand: Kunstnarvilla med ni rosemåla felt på fasaden. Dekoren var svært forvitra då eg rekonstruerte denne i 2004.
Jugendstilsenteret i Ålesund: Arbeid i fleire rom, mellom anna rekonstruksjon av japansk tapet, med vinraud farge på gullbotn, 2003.
Stordal gamle kyrkje. «Rosekyrkja»: Reinsing og restaurering av dekor, 2008-11.
Oppstad handelssted, Oppstadbua, Midsund: Dette er to samanbygde hus, det eine flytta frå Ålesund før bybrannen. Bygningane har fleire påkosta rom, m.a. med eikeådra golv. Eg var engasjert i restaureringsarbeidet, 2008-15.
Lensmannsstova, Hellesylt: Stort herskapleg hus med servering og overnatting. Fullrestaurert i tidsromet 2009-20.
Eid kyrkje, Nordfjordeid: Kortak på 80 rutemeter, dekorert av Lars Kinsarvik i 1915. Dekoren var so skadd at nye takbord, eksakt lik dei gamle, vart monterte utanpå dei originale. Dekoren vart gjenskapt i nøyaktig kopi av underteikna og Bent Erik Myrvoll, 2011-14.
Villa Solheim, Stranda: Huset er kalla «Gullgravarvillaen», då han som bygde huset finansierte det med inntekt frå eit av dei beste skjerpa i Yukon. Restaurering av to dekorerte tak. Det var bøting av papir og strie, total avdekking av det eine taket, og retusjering av båe to, 2017-18.
Heimdalstrand, Balestrand: Kunstnarvilla med utvendes utskoren, måla og forgylt dekor, på nord og sør-fasaden frå 1910. Veggen mot nord er so å seie fulldekorert. Mykje av målinga var so nedsliten at det var tidkrevjande å rekonstruere korleis det hadde sett ut. Dette vart restaurert i 2018-20.
Gamlemuseet for De Heibergske Samlinger, Kaupanger: Marmorering av golvet i 1. et., inklusiv profilerte golvlister, to tropper og eit repos, vel 200 rutemeter. Det vart måla i to omgangar, so totalt godt over 400 rutemeter marmorert, 2022.
Kilde SMP.no
Firmaet har nært samarbeid med fylgjande firma: Bent Erik Myrvoll, Ålesund. Kunstnar med spesialkompetanse innan muralarbeid, materialkunnskap og fotografering. Dør og Vindusvern AS, Vigra. Snikkarmeister Otto Stornes, møbelsnikkar Maria Stornes. Inge Kolås AS, Ørsta. Byggmeisterfirma med spesialkompetanse for antikvarisk arbeid. Eivind Brattlie, Oslo. Malerikonservator.
Kjell Arne Årseth | 2023